5. søndag etter påske

Matt 6,6-13

DEN VESLE STORE BØNA

Kor mange gonger har du bedt Fader Vår? Sett at du har bedt Fader Vår i gjennomsnitt ein gong om dagen i førti år. Da nærmar du deg femten tusen gonger. Kva verknad har i så fall dette hatt på deg? Kva har det hatt å seie for dine medmenneske? Kva har det hatt å seie for ditt tilhøve til Gud? Mennesket har mange bøner. Bøner som er formulerte og står i ei bønebok. Eller bøner som vert formulerte spontant og som kjem rett frå hjarta i situasjonen. Men Fader Vår står i ei særstilling fordi dette var bøna Jesus sa fram til læresveinane med denne innleiinga: "Difor skal de be såleis". Lat oss difor spørje korleis bøn og Fader Vår spesielt verkar inn på oss sjølve, våre medmenneske og vårt tilhøve til Gud:

1. Gjennom bøna utviklar vi oss som menneske.

For litt sidan såg eg eit program på fjernsynet om delfinar. Dette er levande vesen med ein godt utvikla intelligens. Dei kan kommunisere med kvarandre og løyse kompliserte utfordringar gjennom samarbeid. Det er også andre dyrearter som kan dette. Og som gjennom dressur og opplæring kan verte utruleg dyktige. Men det er ein ting som eit dyr aldri maktar. Det er å be. Husdyr kan seie frå til folk at dei vil ha mat. Men dei kan ikkje vende seg til Gud i bøn. Dette er ei evne som er reservert for mennesket. Og jo meir mennesket utviklar evna til å be, jo meir utviklar det sin mest typiske menneskelege side. "Når du vil be, gå då inn i kammerset ditt ...", seier Jesus. Jesus seier altså ikkje: "Viss du vil be ...". Jesus går ut frå som sjølvsagt at mennesket bed. For å be høyrer med til det å vere menneske. Ein delfin kan ikkje be. Men eit menneske kan be. Og gjennom å praktisere bøn, utviklar ein seg som menneske.

"Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud", står det skrive (Jak 1,5). Bøn og visdom høyrer saman. Bøna gjev kunnskap om kven eg er, kven Gud er, og kva ansvar eg har for menneska rundt meg.

2. Gjennom bøna tek vi ansvar for samfunnet.

Eg høyrer av og til at folk kan seie: "Å be til Gud, er å flykte frå ansvaret". I realiteten er det jo akkurat omvendt: Å be er å samle kraft til å ta ansvaret. Lat meg nemne eit lite eksempel. 19. oktober 1944 skulle vere ein bønedag i alle kyrkje i landet. I forkant vart det sendt ut eit informasjonsskriv til kyrkjelydane. I dette brevet stod det mellom anna "skal menighetene bli med i bønnen på rett vis, må de orienteres om situasjonen ... Som følge av forholdene kjenner mange lite til det som skjer. Og alle trenger vi vel kjennskap til fakta for å bli gjort mer våkne for alvoret og nøden i kirkens stilling". Ingen vil seie at bønene i kyrkja under krigen var ei flukt frå ansvaret. Ettertida viser at bønene gav styrke til å ta ansvar.

I Fader Vår heiter det aldri "eg". Det heiter "vi". Ikkje: Fader "Min", men Fader "Vår". Ikkje: Gjev "meg" i dag "mitt" dagleg brød. Men: Gjev "oss" osv. Denne bøna har heile tida fellesskapet for auga. Kva har det ikkje hatt å seie for oss at vi femten tusen gonger har sagt "vi" i staden for "eg".

3. Gjennom bøna finn vi fellesskap med Gud

Dei åra vi hadde skuleborn i huset, visste vi at dei var svoltne når dei kom heim frå skulen. Som regel var maten gjort i stand og stod på komfyren og venta på dei. Truleg var det også bestikk på bordet. Det som stod att var at dei unge kom og sette seg til bords. Ikkje sjeldan med ein innleiande kommentar: "No er eg jammen svolten. Kva er det vi har til middag i dag?" "Gud veit kva de treng før de bed han om det", sa Jesus. Bøna er ingen forklaring for Gud over kva vi treng. Men det er å setje seg til bords hos Gud og late han gje oss det vi treng. Gud har høyrt Fader Vår ikkje berre femten tusen gonger, men uendeleg mange gonger. Likevel er kvar gong ny på den måten at eit menneske atter ein gong finn fellesskap med sin Far.

Av og til snakkar eg med eldre menneske som har mista mykje av hukommelsen. Ikkje sjeldan legg eg merke til at det er ein ting dei ikkje har gløymt. Det er Fader Vår. Den bøna dei lærde som born og bad tusenvis av gonger eit langt liv. Og så når alt anna vart borte i alderdommen, så kjende ein att Fader Vår og kunne vere med og uttrykkje: Eg er framleis ditt barn, himmelske Far! Måtte vi vite å ta vare på den vesle store bøna som utviklar oss som menneske, som lærer oss ansvar for kvarandre og gjev oss fellesskap med Gud.

Geir Sørebø