IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

5. søndag etter Påske

Matt 6:6-13

I PREIKA

"Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det" Vil eg ha som utgangspunkt for nokre korte minutt om Fadervår. Om korleis den er sett saman av fleire bøner, om korleis nokre av bønene handlar om Gudsrelasjonen medan andre handlar om relasjonen menneske i mellom. Seie litt om settingen me er i. Så vil eg seie litt om bøn generelt før eg utfordar kyrkjelyden til å sette bøna ned på papiret gjennom ord og bilde.

Eg vil ha med meg store ark om mange farger. På førehand har eg bestemt kor kvar gruppe skal jobbe, og har kopiert opp bøna/bønene dei skal jobbe med. Dersom det er mange nok folk kan ein dele opp i 8 grupper, ei for kvar bøn + ei for den avsluttande lovprisinga. Dersom det er venta få kan ein la kvar gruppe jobbe med fleire ledd, men kvart ledd bør ha eige ark. Oppgåva til gruppene: illustrer gjennom teikning, ord eller farger!

Etter 10-15 minutters jobbing presenterast resultatet for kyrkjelyden, gruppene kan få seie litt om kva dei har tenkt i møte med orda og korleis illustrasjonen gjer dette synleg.

Som avslutning held nokre frå gruppene arka opp medan me ber Fadervår i lag. Dersom det er mogleg bør arka hengast opp i kyrkja. Kanskje kan dei brukast av barne-/ungdomsgrupper??

EI SALME

Salmer 97 nr. 53: Eg er trygg hos deg (finnast og på bokmål)

LITURGI

Forbøn: Lat bøna denne dagen vere ei handling, der kvar og ein i kyrkja får kome fram og legge frå seg eit hjarte på alteret eller ved ein kross framme i kyrkjerommet. Hjarta vert delt ut ved inngangen, sei at dei skal brukast under forbøna (eventuelt etter preika). Fortel at hjartet skal førestille våre hjarte, og at me med å bære dei fram og legge dei frå oss fortel Gud kva me har på hjarta, kva me vil be om.

FRAMLEIS GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J