9. søndag etter pinse

Matt 7,21-29

KORLEIS BYGGJER DU?

Byggjeskikkane vekslar. Dei vekslar frå bygd til bygd og frå land til land. Den som har reist litt har sett at bygningar kan sjå ut på så mange måtar. Men uansett korleis huset ser ut, så har bygningsmennene eit felles ønskje om at huset skal vere trygt.

I prestegjeldet mitt har vi ei kyrkje som i 1925 datt ned av seg sjølv nokre veker etter at byggverket var reist. Det var visst litt vind. Men ein bygning skal tole vind. Han skal tole regn. Han skal tole jordskjelv. Han skal tole alder og år. Det skal vere trygt å bu i eit hus. Eit hus har ofte vore eit bilete på livet, heimen og alt vi omgjev oss med. Også i denne samanhengen er det maktpåliggjande å spørje: Korleis byggjer du?

1. Byggjer du på utrygg grunn?

Eg kjenner ein mann i ein småby som har eit hus han aldri får selt. Det står borte under ei fjellside der det har gått ras fleire gonger. Kvifor var så dette huset bygd? Og kvifor kjøpte denne mannen det så? Nei, han seier risikoen var av ein eller annan grunn ikkje i tankane hans den gongen. Han trengde eit hus. Han fekk det rimeleg. Det var først når han vinterstid måtte flytte ut av huset pga fare for snøskred at mistaket gjekk opp for han. Det er mange som har kome i ulykka på denne måten. Vi har sett bilete av hus som har velta og vorte knuste i jordras og leirras.

I 1976 kom den mykje omtala boka: "Elsk deg selv" (Your Erroneous Zones). Ho vart nokre år seinare følgd opp av ei bok av same forfattar med tittelen: "Sikt mot stjernene" (The Sky is the Limit). Ein raud tråd i denne litteraturen er at det menneske som fullt ut byggjer på sine ibuande ressursar er eit "grenselaust menneske". Det er inga grense for kva det kan oppnå. Dette er ein ideologi som sikkert fungerer bra på solskinnsdagar i livet. Og for menneske som har alt det dei treng. Men kva så i sjukdom, depresjon, kriser, sorg, død og for dei millionar menneske som lever i krig, svolt og elende. Eg ville tru at den som då berre har bygd på sine eigne ressursar oppdagar at han hadde bygd som ein uvitug mann som som sette huset på sandgrunn.

2. Byggjer du med fin fasade?

I ein liten by i det tidlegare Aust-Tyskland såg eg i 80-åra nokre hus med flotte fasadar som vende ut mot hovudgata. Det underlege var at det var berre fasadane som var fine. På baksida var husa umåla og falleferdige. Det viste seg at dei var pynta opp på framsida fordi statssjefen Erich Honecker nett hadde vore på vitjing og køyrt gjennom gata. Då skulle det sjå ut som bygningane i byen var flotte og staselege. Men det var berre eit bedrag.

Jesus seier at på den siste dag skal mange menneske seie: "Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?" Men dette skal altså vere til ingen nytte. For Jesus skal avsløre at alt saman har berre vore ein fin, ytre kristeleg fasade. Dei har aldri kjent Jesus, dei har aldri levd etter hans ord og Jesus har aldri rekna dei som sine. Dei er jamgode med den uvituge mannen som sette huset på sandgrunn.

3. Byggjer du på fast grunn?

Eg veit om ei lita hytte ein plass i Stølsheimen. Vi kallar henne for Fjellhytta. Det er eit lite krypinn i over 1000 m høgde for forbifarande. Ho står på ein plass der det er ekstremt verhardt med vind og store snømengder. Men hytta har stått i alle år eg kan hugse. Ho står på ein fjellknaus og er bolta fast i fjellet, og det går bardunar over taket som er festa i knausane. Grunnen er urokkeleg, og den vesle hytta er nesten som limt fast til grunnen. Difor har ho ridd av alle uvær.

"Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell", sa Jesus. Det er menneske som stadig vekk opplever at dette fungerer. Det er ikkje lenge sidan ein mann fortalde meg om ei stor krise i familien, og korleis Bibelens ord for han då hadde vorte det faste haldepunkt som berga han frå å bukke under.

Difor er det for meg i dag viktig å spørje: Korleis byggjer du? Byggjer du livet på utrygg grunn? Tenkjer du mest på å byggje med ein fin fasade? Eller er det heilt avgjerande for deg å vite at livet er bygd på fast grunn? Eg har sett med eigne auge at ei lita skrøpeleg hytte kan stå seg mot all slags ver når ho er bygd på fast grunn.

"Den grunn hvorpå jeg bygger, er Kristus og hans død;

i Kristi korsets skygger forsvinner all min nød" (Norsk salmebok 324,5)

Geir Sørebø