IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

9. søndag etter Pinse

Matt 7:21-29

I PREIKA

Da eg var lita var eg svært glad i å høyre på kassett (leenge før CDn si tid J ). Særleg var eg glad i songane som Charlotte Høglund song inn. Nokre gonger hadde ho med bror sin Per, og det er ein av songane han syng på som eg ikkje kan la vere å tenke på når eg les denne teksten. Han syng om husa på fjell og på sand, og det heile vert svært så levande med lyd av vind og regn. Dessverre hugsar eg ikkje lenger teksten, og veit ikkje om det lengre er mogleg å få tak i innspelinga. Men uansett så trur eg at forteljinga om husbygginga framleis fengjer. Difor er det fint om ein denne søndagen legg hovudvekt på sjølve forteljinga, i alle fall i det som er retta særskilt til barna. At Jesus fortel forteljinga for å understreke at det er rett å gjere etter Guds vilje er viktig men la forteljinga kome i fokus, elles er eg redd ho druknar i forklaringar som lett går langt over hovudet på ungane. Heilt enkelt kan ein for dei større barna syne fram ein Bibel og ein plakat med dei 10 bod. Å byggje hus på fjell er det same som å kjenne Bibelen med dei 10 bod og leve etter dei.

EI SALME

Norsk salmebok nr. 665: Ditt barn eg no vil vera

LITURGI

Preika: Drama av teksten (om husbygginga..)

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J