Bots- og bededag

Matt 7,7-14

DEI HIMMELRIKE

På bots- og bededag kan det vere aktuelt å stoppe opp litt ved vår rikdom. Vi får ofte høyre at vi bur i eitt av verda sine rikaste land. Det er ikkje berre noko å vere stolt av når så mange av verda sine menneske er fanga av svolt og fattigdom. Og så har vi ved byrjinga av det nye tusenåret fått erfare at det å leve i eit rikt og teknisk velutvikla samfunn ikkje automatisk vil seie at vi lever trygt og lukkeleg. Den 11. 2001 september viste tvert om at det alltid vil vere risikofylt for rike menneske å byggje tårn som i all sin prakt tøyer seg mot himmelen. Bibelteksten talar om menneske som er rike på ein heilt spesiell måte. Menneske som er himmelrike. Og kva er det desse menneska har, som gjer dei så himmelrike.

1. Ei barnleg bøn

Eg minnest eit intervju i fjernsynet med ein av våre mest velståande personar i landet vårt. Den styrtrike mannen fortalde at han levde eit heilt normalt liv. Han var ikkje annleis enn andre menneske fordi han disponerte hundrevis av millionar. Og eigentleg var det ikkje sikkert det var slik stas å vere rik, sa han. Jau, forresten det var ein fordel. Han var fri til å gjere akkurat det han ville. Han kunne kjøpe akkurat det han ville. Han trengde ikkje be nokon om noko som helst.

Det er annleis med den himmelrike. Han treng å be. Og det er nettopp derfor han er himmelrik, at han har lært å be og er i stand til å gjere det dagleg. Kvar gong han kjem som eit barn til sin himmelske Far, så veks denne rikdomen. Born eig som regel ingen ting. Dei leverer ikkje sjølvmelding og står ikkje i avisene sine oversikter over personar med formue. Men den som har lært å be ei barnleg bøn, erfarer snart at han er i ferd med å verte himmelrik. "Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!".

2. Ein gyllen regel

For nokre år sidan las eg ei bok om kva ein skulle gjere for å verte rik. Det første som vart presisert i boka var at ein måtte ha vilje til å verte rik. Den som skulle verte rik, måtte ha eit sterkt ønskje om å verte rik, og kunne setje dette ønskje ut i livet. Prototypen på ein slik person er Onkel Skrue som alltid er oppteken av å fylle meir gull i pengebingen sin.

Den som vil verte himmelrik, har noko anna som skin med gyllen glans, han har den gylne regelen. Den gylne regelen samlar heile Det gamle testamentet, både lova og profetane, opp i ein setning. Her er det ikkje om å gjere å samle gull til seg sjølv, her det om å gjere å gjere det beste for andre menneske. Det gjeld å ha vilje til andre å auke andre sitt velvære. Den som gjer det, vert himmelrik. "Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal de og gjera mot dei".

3. Ein smal veg

Eg veit om ei vestlandsbedrift som dei siste åra har vore i sterk vokster og som stadig kjempar for å få ein breiare veg fram til produksjonslokala. Kommunikasjonstilhøva er avgjerande for ei stor bedrift. Skal bedrifta få overskot, er det livsviktig å ha ein brei veg slik at lastebilar med stor last kan kome fram.

Då er det annleis med den som vil samle seg ein skatt i himmelen, og verte himmelrik. Han vil ikkje ha noko anna enn ein smal veg. Ein veg som ikkje er noko meir enn fotspora til Han som sa: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." og som seier i teksten for denne søndagen: "Smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han".

På bots- og bededag er det nok for mange av oss tid for å vedkjenne at vi så ofte har laga oss ein brei veg, at vi så ofte har erstatta den gylne regelen med strevet etter å skaffe oss sjølve alle fordelar og at vi så mange gonger har late den barnlege bøna tagne i det velvære som materiell velstand gjev.

Måtte vi gjennom den barnlege bøna, den gylne regelen og den smale vegen verte himmelrike.

Geir Sørebø