4. søndag etter Kristi openberringsdag

Matt 8,23-27

"Jeg er en seiler på livets hav"

Ei av dei første prestetenester eg gjorde var å vere sommarvikar i Solund, det vestlegaste prestegjeldet i landet, samansett av 1700 små og store øyar. Eg minnest enno det inntrykk det gjorde på meg å bla i gamle kyrkjebøker og sjå at i rubrikken for dødsårsak så stod det om igjen og om igjen: "Blev borte på sjøen" eller "Omkom på fiske". Og gamle folk kunne fortelje om dramatiske hendingar som den gongen på 1800-talet då ein stor del av bygda sine menn låg vestafor Utvær og fiska og vart overrumpla av storm og så godt som alle drukna. Då var det sikkert meir enn ein som ropa: "Herre, frels! Vi går under!". Akkurat som dei gjorde på Genesaretsjøen. Utafor Solund gjekk dei under. På Genesaretsjøen vart dei berga. Kva vil så denne teksten frå Matteusevangeliet seie oss. Vi kan summere det i tre punkt:

  1. Naturkreftene er herre over oss
  2. Eg opplevde ein gong eg gjekk på hjortejakt under fleire hundre meter høg loddrett fjellside at det losna ein stein på størrelse med ein bil nesten ved toppen. Stein gjekk i bakken på ein stad der eg var eit par minutt tidlegare. Svære tre vart lagde i bakken. Det var ei rystande oppleving som avslørte at eg er eit lite krek i forhold til naturen sine enorme krefter. Vi har ingen midlar som kan stanse ein vulkan, eit jordskjelv, ein isbre på frammarsj eller stormen over havet. Difor er angsten som læresveinane kjenner på der ute på sjøen når båten held på å gå under ein heilt grunnleggjande livsangst som veks fram når vi erkjenner at vi som menneske er fanga av og underlagt sterke naturkrefter som til sist vil ta livet av oss, ja, som ein gong vil ta livet av alt levande på jorda. I Bibelen har havet gjerne ein fiendtleg karakter og hyser krefter som trugar mennesket. Til sist skal havet gje tapt for Guds skaparkraft (Op 20,13; 21,1)

  3. Jesus er herre over naturkreftene
  4. Eg hugsar frå mine yngre dagar ein episode eg fekk fortalt om to ungdomar som skulle ut på sykkeltur i sommarferien. På førehand bad dei om at dei måtte få godt ver på turen. Då sykkelturen var slutt, var deira vitnemål at det hadde regna framfor og det hadde regna bak, men akkurat der dei sykla, der skein sola - heile tida! No vil sikkert nokre smile av slik ungdommeleg naivitet. Men her for nokre år sidan var det ein frå Nord-Norge som påstod at han statistisk kunne påvise dårlegare ver der nord etter at ein slutta be fast om godt og lagleg ver i kyrkja si forbøn. Ja, kven av oss har ikkje ein eller annan gong bede om regn eller sol eller vindstille. Og når vi så tenkjer over kor mange naturlover det er som styrer verfenomena, så er føresetnaden for alle slike bøner ei tru på at Jesus er Herre over naturkreftene, slik Det nye testamentet vitnar. Korleis kunne det elles verte blikande stilt då han truga vinden og sjøen?

  5. Jesus herrevelde hjelper dei som bed han i naud

Henrik Wergeland reiste ein gong med båt langs heile Sognefjorden. Då bles det slik det kan gjere på fjorden og han skreiv diktet Sognefjord der det heiter i eitt av versa: "Den har været dødens gjest! Den har seilet på en Torden! Den er døpt i Rædsler vorden, som har pløiet Sognefjorden, Forthun fra til Sognefest. Har du glemt ditt Fadervor, mindes du ei Bøn at bede, lær den av en Guddoms Vrede: tænk, deg Synder, da tilsæde i en Båt på Sognefjord! Ja, den bedre end en Præst kan deg lære fram at bede, ryste Hjertet i dets Rede, frem de glemte Budord lete, du engang som Barn har læst!" Dei hadde ikkje mykje tru læresveinane ute i båten. Likevel vart dei hjelpte. Jesus hjelper dei som vender seg til han i naud. Det er ikkje alltid stormen på fjorden stilnar. Det er ikkje alltid stormen i livet legg seg. Likevel skal vi få tru at Jesus hjelper på den måte han tykkjer er best for oss. For han hjelper dei som bed han i naud. Han kan det han som er herre over naturkreftene. Ja, over alle krefter som har makt over oss som siglar på det store og lunefulle livshavet. Vi som siglar med kyrkjeskipet, siglar like trygt i stormen som læresveinane på Genesaretsjøen.

Geir Sørebø