2. søndag i advent

Op 1,4-8

SJÅ HAN KJEM MED SKYENE

Vi er inne i adventstida, og her ein kveld vart det sagt i eit Barne TV-program "No er det første desember, og no er det berre 23 dagar igjen til julenissen kjem". Teksten for 2. søndag i advent har eit noko anna perspektiv på adventstida og på han som skal kome. Gud Herren presenterer seg her som:

  1. Han som er
  2. Eg har ein gard og ein god nabo til denne garden som av og til kjem innom i tunet. Han er av dei som har ei eineståande evne til å prate, fortelje og diskutere. Og då gløymer vi all tid. Tida eksisterer ikkje lenger. Og det har hendt meir enn ein gong at kona mi (og kona hans) har venta med middagen, og dei har skjent på oss fordi vi ikkje passa tida. Men i den engasjerte samtalen eksisterte det ikkje tid og klokkeslett. Det var ingen skilnad på ein time og eit minutt. Dei fleste menneske har opplevd dette. Om ikkje saman med naboen, så saman med kjærasten. På ein fotballkamp. Under ein konsert. På ein god film. Stunder då ein berre er intenst til stades utan tanke på fortid eller framtid. Gud er den som er. Moses ville ein gong vite kva som var Guds namn, fordi han ville fortelje til israelittane kven som hadde sendt han. Han fekk beskjed om å seie: " Eg er har sendt meg til dykk" (2 Mos 3,14). Gud er den som er til stades i notida slik at vi i møte med han ikkje lenger tenkjer på verken fortid eller framtid. Eit møte med han opphevar all tid.

  3. Han som var
  4. Eg har alltid vore fascinert av slektstavler. Når eg ser på slektstavla mi over besteforeldre, oldeforeldre, tippoldeforeldre, tipptippoldeforeldre osv., så tenkjer eg av og til. Kva hadde hendt om den eine oldefar min ikkje hadde treft den eine oldemora mi? Ville ikkje eg vore til då? Nei, sikkert ikkje. Eg er til fordi det var nokon som var før meg. Slektsbøkene er ein dokumentasjon av dette. Bibelen er også ein dokumentasjon på at det som hende før er grunnen til at vi er her i dag. Hadde ikkje Jesus vorte fødd, så hadde ikkje kyrkja vår eksistert. Hadde ikkje han døydd på ein kross, så hadde vi ikkje hatt dåp og konfirmasjon. Hadde ikkje Gud kalla Abraham til å fare til Israel, og Moses til å føre folket ut av Egypt, så ville livet vårt vore heilt annleis i heile verda. Og utan skapinga ville mørkret vorte totalt. "Han er før alle ting, og alle ting står ved lag ved han", skriv Paulus om Jesus. Gud er den som var. Utan han ville ingen person eller ting vore til.

  5. Han som kjem
  6. Eg veit om ein familie som no går og ventar på eit barn som skal verte fødd til våren. Når dei der i familien høyrer orda: Han som kjem, så tenkjer dei med ein gong på barnet som skal verte fødd i mars. Det er mange av oss som veit at når eit barn vert fødd, så oppstår ein heilt ny situasjon både for mor og for far. Noko heilt nytt er kome inn i denne verda. Noko som forandrar vår liv.

    Gud er også Han som kjem. Kvar gong det er nattverd i kyrkja, så reiser vi oss og syng: Velsigna vere han som kjem. Då Jesus reid på eit esel inn i Jerusalem, song dei akkurat det same: Velsigna vere han som kjem. I teksten vi las i dag står det: Sjå han kjem med skyene! Det er ei kunngjering av at noko nytt skal kome inn i verda. Ja, ikkje mindre enn kunngjeringa av ein ny himmel og ei ny jord. Skyene gjev det jordomspennande perspektivet.

Korleis vil verda sjå ut om 100 år eller 200 år. Med den rivande teknologiske utvikling vi har, kan mykje skje. Vil etterkommarane få det fredeleg og godt - eller vil dei leve i krig og naud? Vi veit ikkje kva som vil hende, men kyrkjelyden skal synge vidare slik dei har gjort i to tusen år: Velsigna vere han som kjem. For vi trur at han som er og var, vil skape ein ny himmel og ei ny jord når han kjem. Og denne forventning er den rette advent.

Geir Sørebø