IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag i Advent

Joh op 1:4-8

I PREIKA

Han som ER og som VAR og som KJEM.

Ved fyrste augekast tenkte eg at denne teksten blir det heilt umogleg å preike over her er det bare vanskelege ord og kompliserte bilder! Men så leste eg teksten to gongar til, og det byrja å demre for meg at orda er viktige og bilde av Jesus som skal kome igjen i aller høgaste grad høyrer med i trua vår. Også dei under konfirmantalder treng å bli kjent med dette.

Kva er det nemleg me går og ventar så på i denne laaange adventstida? Jo, me ventar på at Jesus skal komme. Advent tyder KOMME. Og korleis kjem Jesus til oss?

1. Han kjem som eit lite barn i stallen, med stor stjerne på himmelen og englesong på Betlehemsmarkene.

2. Han kjem til kvart einaste menneske som ber han om å kome, her og nå, usynleg er han saman med oss kvar einaste dag.

3. Så skal han ein gong kome igjen til oss og da skal han ikkje reise frå oss meir. Korleis det skal bli den dagen det veit me ikkje heilt men bibelen gjev oss mange sterke bilde, eit av dei er at lam og løve skal beite i saman utan å ete kvarandre opp (!) det er eit sterkt bilde på kor fredeleg livet kjem til å bli.

Det er dette siste komet som teksten vår og 2 søndag etter Advent er mest oppteken av. Det kome som er i framtida. Me veit ikkje når det skal skje, bare at det vil skje. Den dagen kan me glede oss til og undre oss over, sjølv om me er glade i livet me har her og nå også. For det kan vel ikkje vere slik at det livet me skal få saman med Jesus kan vere dårlegare enn det livet me lever her og nå??! Nei, det blir betre på alle plan for da har er Jesus også saman med oss SYNLEG og han er jo vennen vår. Bestevenn!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 23: Mens frost og vintermørke rår

LITURGI

Truvedkjenninga: Kva står det om Jesus?? Kanskje ei barnegruppe / skuleklasse kunne illustrert? Sett gjerne fokus på dei siste linene.

Guds signing og god advent!

Anne Berit Sunde J