IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Kristi Forklåringsdag

Joh op 1:9-18

I PREIKA

På øya Patmos budde det ein gong ein mann som heitte Johannes. Vel, han budde ikkje eigentleg der, han var jaga ut av byen han budde i til vanleg. Og nå måtte han bu ute på øya ei tid. Fordi mange ikkje lika det han fortalte. Han fortalte om Jesus. Han var ein ven av Jesus, og han visste at Jesus hadde gjort det utrulege: snudd opp ned på verda! Det var ikkje lenger slik at menneske og Gud ikkje høyrte saman, det var ikkje lenger slik at døden var det siste. Det kunne han da ikkje halde for seg sjølv, kunne han vel?

Ein søndag mens han var på øya fekk han besøk, av Gud. Gud ville at han skulle skrive ned det som Johannes skulle få sjå; og difor har me boka Johannes Openberring. Johannes Openberring er ei underleg bok, med mange symbol og skjulte meiningar. Det er ikkje så lett å gjere seg klok på alt som står der. Men me kan få undre oss saman med Johannes, lure på kva Gud meiner med alt som skjer. Det er fint det. Om me skjønte alt Gud gjorde, da hadde Gud blitt liten mindre enn oss. Og det er han jo ikkje!!

I teksten vår høyrer me at Johannes fekk sjå Jesus. Jesus såg ikkje ut som da han vandra rundt saman med han, Johannes skjønte enda betre enn før at Jesus var Gud. Men han må nok ha blitt litt redd også, for han kasta seg ned til bakken og turte ikkje å sjå på Jesus. Da syner Jesus han at han framleis er venen hans. Han legg handa si forsiktig på han og seier: "Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket."

--

I Sauherad kyrkje, der eg er døypt, konfirmert og ordinert, er ein del av altarbildet henta frå denne teksten. Kvar gong eg les så ser eg det for meg. Jesus med eit sverd stikkande ut av munnen og sjuarma lysestakar rundt. Det fine med bilde er at det ikkje ser skummelt ut i det heile. Jesus er malt slik at me kjenner han igjen sjølv om det også er noko spesielt med bilde som gjer at eg tenker at her er det noko meir. Jesus er noko meir enn menneske. Han er Gud. I dag på Kristi Forklåringsdag skal me bli minna om det. Sjå det klarare for oss.

EI SALME

Salmer 1997 nr. 32: Du er hellig. Du er hel

LITURGI

Truvedkjenning: Kva med å bruke den Nikenske Truvedkjenninga??!

Guds signing!

Anne Berit Sunde J