Helgemesse
Op 7,9-17

Sigeren vert feira i himmelen

Eg har møtt menneske som har planlagt kva salmar som skal syngjast i deira gravferd. Eg kunne gjerne tenkje meg at ein i mi gravferd song: "Livet vant, dets navn er Jesus. Halleluja. Han var død, men se han lever. Halleluja. Dødens porter åpner han, halleluja, viser vei til livets land. Halleluja" (NoS 195). For i gravferda kunne ein byrje på den feiringa som skal kome i himmelen. Feiringa av Jesus sin siger, som dei truande skal få del i. I søndagsteksten vår ser vi at denne feiringa er i full gang. Feiringa kjem til uttrykk i tre kretsar rundt Guds kongsstol.

  1. Den store kvite flokken sitt sigersrop
  2. Eg kjem aldri til å gløyme til den siste gongen Norge slo Brasil i fotball. Eg sat saman med ei gruppe andre fotballinteresserte på eitt av NMS sine misjonssenter og såg på TV og greidde nesten ikkje å sjå opp under det siste straffesparket rett før slutt. Men ballen gjekk i mål og vi kunne syngje i triumf. "Seieren er vår. Seiren er vår". Det utrulege hadde skjedd. Vi hadde vunne over det beste laget i verda. Vi tok del i sigeren sjølv om fotballkampen gjekk langt borte. Bibelteksten skildrar ein flokk langt større enn dei 100 millionane som ser på eit fotball-VM på TV. Og entusiasmen er enno langt større. Den store kampen i tilværet er vunnen. Alle i flokken har del i sigeren. Og likevel ropar dei ikkje: "Sigeren er vår". Dei ropar: "Sigeren tilhøyrer vår Gud, han som sit på kongsstolen, og Lammet". Lammet har sigra over den store overmakta. Gud er i sentrum.

  3. Englane sin lovsong
  4. Eit fast innslag i skulegudstenestene under biskop Per Lønning sine visitasar var at elevane skulle syngje så høgt dei kunne omkvedet på Måne og sol: "Herre vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!" Biskopen si bestilling var at dei skulle syngje slik at taket løfta seg. Det var fleirstemt og festleg. Det kan til og med vere at nokre av borna i ettertid kjem til å hugse kva ord dei song. I himmelen står det ein ring innafor den store kvite flokken. Det er ringen av englar som bøyer seg i tilbeding rundt kongsstolen. Dei syng nesten dei same orda som borna i familiegudstenesta: "All lov og pris og visdom, takk og ære, makt og velde høyrer vår Gud til i all æve". Englane song til Guds ære då Jesus kom til jorda, og dei syng til Guds ære når Jesu etterfølgjarar kjem til himmelen. Dei song første gongen for hyrdingar og lam, i himmelen syng dei for Lammet som også er hyrding for den store kvite flokken.

  5. Dei 24 eldste sin bodskap

Eg har ein kjeledress som aldri vert rein att. Eg har brukt han som arbeidsdrakt både under bilreparasjonar, husmåling og snekring. Det måtte i alle høve eit heilt uvanleg vaskemiddel til om han skulle bli kvitt alle flekkane. Det er vel mange av oss som opplever at det ikkje berre er kjeledressen som aldri kan bli rein og ny att. Livet vårt har etter kvart gjeve oss våre sår, arr og flekkar. Kroppen vår har sine manglar, og sinnet vårt har sine mørke plettar. Kanskje prøver vi å forsone oss med at slik må det vere.

Men då skulle vi høyre på ein av dei eldste som sit nærast kongsstolen. Han forklarer kva som Lammet sin store siger har ført til. Sigeren har ført til at alle plettar på menneskelivet kan vaskast vekk i Lammets blod. Og det er dette skaren av dei heilage i himmelen hadde oppdaga. Dei stod i kamp og strid, dei opplevde svolt og tørst, kulde og varme. Dei felte mange tårer. Men dei heldt fast på trua trass alt som kua dei. Og dei er mange, mange, så mange at ingen kunne telje dei, men likevel er det plass i himlens store festsal.

Denne sigersfesten skal vi kunne byrje å øve oss på alt no, anten det er i ei skulegudsteneste eller i ei gravferd. "Av vår hyrde sterk og god. Halleluja. Får vi liv og overflod. Halleluja."

Geir Sørebø