IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Helgemessesøndag

Joh op 7:9-17

I PREIKA

Lat att auga! Sjå for deg det finaste som finnast. Sjå for deg ein verden der det ikkje er noko som er leit. Ser du det?? Enda betre enn det du nå ser er Guds himmel. Betre enn nokon av oss kan drøyme om!

Det er fint å leve! Eg er veldig glad i livet her på jorda, sjølv om nokre dagar er vanskelege og leie – så er det mange fine dagar også, som fyller meg med glede når eg tenker på dei! Å drøyme om himmelen, om alt det fine som er der som Gud er – tyder ikkje at livet på jorda er noko me vil vekk frå. I staden gjev det ein ekstra himmel over livet. Noko å sjå fram til. Noko som gjer oss trygge i kvardagen. For ein gong, ein gong – om lang eller kort tid – skal me få møte Gud. Og han skal syne oss kor ufatteleg vakker himmelen er, han skal turke kvar tåre frå auga våre, og alt skal vere godt. Vi skal få sjå Gud slik som han er og så skal vi få møte dei som har gått føre oss. Har du nokon du håpar at du skal få møte der???

Ord å forklare: Lammet = Jesus. Jesus vart ofra for våre synder, slik som jødane, sidan Moses si tid, hadde ofra lam, som soning for syndene. Jesus døydde ein gong for alle – og vart det siste lammet som måtte døy for menneska si skuld.

EI SALME

Norsk samlebok nr. 843: Eg veit i himmelrik ei borg

LITURGI

Korsong: Denne søndagen er det fint å lyfte songen litt (mot himmelen….)! Nokre av dei flotte salmene læt best når kor og kyrkjelyd kan synge saman! Sjølv om det mange stader er ein dag der ein tenker særskilt på dei som er døde siste året, så er det ikkje ein trist dag i kyrkjeåret. Farga er kvit, og jubel og håp er det som bør prege gudstenesta. Kan eit barnekor eller nokre barn i lag med prest vere med og synge fullstendig gloria???

Guds signing!

Anne Berit Sunde J