3.søndag etter Kristi openberringsdag

Rom 1,16-17

RUSSEKORT MED KRAFTSALVE

Eg hugsar ikkje heilt korleis eg fekk ideen, men på russekortet mitt i 1967 hadde eg følgjande tekst: Eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Det var alltid like spanande å dele det ut. Den som får eit russekort, ventar å finne ein meir eller mindre god vits. Ein ungdom som fekk kortet mitt i handa såg nærmast forskrekka på det og sa: "Dette var jammen litt av ei kraftsalve!" Orda hans var meir treffande enn han sjølv forstod. For dette bibelverset frå Romarbrevet som innleier søndagens tekst er ei skikkeleg kraftsalve. Teksten viser at det er tre ting som heng saman:

  1. Ingen skam ved evangeliet

For ein del år sidan var vi nokre teologar som var ute på ei reise. Og ein tidleg morgon sat vi i salongen på ei ferje saman med ein del andre passasjerar. Då drog ein av dei eg reiste saman med opp or veska Bibelen og planen for dagleg bibelesing. Han hadde sin daglege morgonandakt til kaffikoppen på ferja. Eg hugsa eg følte meg litt flau på hans vegne. Her kunne alle ferjepassasjerane sjå denne mannen med Bibelen. Dei visste jo ikkje at han var teolog ein gong. Dei kunne jo tru at han var ein heilt alminneleg indremisjonsmann som las berre sin eigen del (noko han også gjorde). Etterpå har eg ofte undra meg over min eigen reaksjon. Korleis kunne eg føle meg flau over Bibelen – eg som hadde hatt eit slikt frimodig russekort i ungdomen? Kva er det som gjer at det å avsløre at ein er avhengig av å lese Bibelen kan opplevast nesten like pinleg som å være avhengig av å lese pornoblad? Gong etter gong har eg måtta halde fast på mitt eige russekort og seie: Dette var ein setning som eg ein gong gjorde til min og som eg vil halde fast på: Eg skjemmest ikkje ved evangeliet!

2. Kraft til frelse

I min kommune vart flaumljosa slegne av utafor alle kyrkjer ved inngangen til 2003. Dette fordi det var kraftkrise. Tomme vassmagasin på fjella hadde skapt skyhøge prisar på elektrisk kraft. Likevel er ikkje dette den alvorlegaste kraftkrise kyrkja kunne kome i. Langt verre ville det vere dersom kyrkja ikkje kunne dra nytte av evangeliet si kraft.

Noko av det mest meiningsfulle eg gjer som prest er å ha forbønsgudsteneste. Det er alltid ei glede å kunne leggje handa på hovudet til menneske som kneler ved altarringen og be ei velsignande bøn for kvar einskild. Og så kunne sjå folk gå glade på plass att i benkene i kraft av evangeliet. Då tenkjer eg at denne krafta ikkje berre maktar å gjere folk litt meir oppløfta når dei går ut av kyrkja, men ho maktar å løfte dei heilt inn i himmelen. For mange vil dette vere uforståeleg, og nesten pinleg å innrømme at ein trur på, men dette har alt Paulus innsett når han seier: For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. (1 Kor 1,18)

3. Liv ved tru

Eg har ei stølsbu som ligg langt inne i fjellet. No har det vore på tale å byggje ei kraftlinje på tvers i dette fjellområdet. Det ville vere ei høgspentlinje med stor kapasitet. Min første tanke var: No kan eg få elektrisk straum på stølen min. Men så enkelt er det ikkje. Sjølv om kraftlinja skulle gå rett over taket, så kan eg ikkje få ut kraft til mitt bruk. Det ville vere svært komplisert og krevje store investeringar. Heldigvis er det langt enklare å kople seg til Guds kraft. Fire gonger er ordet tru nemnt i dei to bibelversa som utgjer preiketeksten. Guds kraft til frelse for kvar den som trur, seier Paulus. Og den rettferdige skal leve ved tru. Det er ikkje berre Paulus som at trua vår koplar oss til Guds kraft, dette er ein raud trå i Det nye testamentet, sjå t.d. Matt, 17,20; Hebr 11,11; 1 Pet 1,5. Den som har tilgang til Guds kraft, har også tilgang til livet, ja, han vil aldri miste livet. Difor høyrer det med til barnelærdommen vår at Johannes skriv i den vesle bibelen og mange andre stader at tru og liv er knytte til kvarandre, som t.d. når Jesus seier: Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. (Joh 6,47).

Ja, eg hadde sanneleg ei kraftsalve på russekortet mitt. Evangeliet er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

 

Geir Sørebø