Såmannssøndagen

Rom 10,13-17

ORDET SOM VEKS TIL FRELSE

Dersom eg får leve til eg vert pensjonist, så vil eg gjerne ha ein frukthage rundt huset. Ein hage som eg har fått fram sjølv. Eg tenkjer at det i alderdommen må vere ei glede å gå rundt og plukke inn frukt og vite at denne har eg avla fram sjølv. Eg har stelt trea heilt frå dei var ein liten renning og til at eg ved slutten av livet kan bere frukta i hus.

Teksten for denne søndagen handlar om ein vokster som går gjennom mange trinn før frukta kan haustast inn. Når ein les teksten må ein som i frukthagen undre seg over krafta som driv voksteren framover, ein ser voksteren sine ulike stadium og så frukta som til sist vert hausta inn.

1. Krafta og ordet

I min hage vert eg stadig overraska av livskrafta som kan liggje eit tre. Eg henta ein liten kvist på nokre centimeter frå fryseboksen og poda han inn på ein villskot. I dag er han ei kraftig grein som når våren får rikeleg med blad. Kvar kjem drivkrafta frå, som får tilsynelatande livlause kvistar til å vekse?

Bodskapen kjem ved Kristi ord, skriv Paulus. Og bodskapen fører etter kvart til tru. Og det hjå menneske som før ikkje trudde og i den forstand var livlause. Nokre gonger har eg opplevd at menneske i ettertid har fortalt at dei fekk livet sitt forandra etter at dei hadde høyrt på mi forkynning. Når eg så har gått attende og sett på talen eg heldt, så tykkjest det vere slik at det som skapte forandring hjå menneske var at eit ord frå evangeliet kom dei nær på ein ny måte. Kristi Ord har ei forunderleg kraft.

2. Voksteren og gudstenesta

I min hage er det vokster. Kvar år vert nye tre planta eller poda. Dei vert gjødsla og stelte og forma til. År for år går dei gjennom ei utvikling frå skot, til busker, til større tre, tre som blømer og til sist ber frukt.

Det er facinerande å sjå korleis Paulus skildrar Kristi Ord sit løp for å skape vokster. Ordet fører til at nokre vert utsende for å forkynne. Forkynninga fører til at nokre høyrer. Høyringa fører til at nokre trur. Trua fører til at nokre påkallar Gud. Og alle som kallar på Herrens namn skal verte frelste. Ein omstendeleg voksterprosess i mange ledd. Men er ikkje alt dette til stades når vi samlast til gudsteneste. Kyrkjelyden er som frukttrea i hagen. Ikkje alle er komne like langt i voksterprosessen. Men når Kristi ord lyder så er det bevegelse og kraftig vekst, om enn like usynleg som i hagen ein sommardag.

3. Frukta og frelsa

Frukthage har vi for at vi ein dag skal bere frukta i hus og setje henne på bordet. Kyrkjelyd har vi for at menneska ein dag skal kunne samlast i himmelen. I frukthagen kan alt svikte i siste ledd. Treet blømde om våren, men det vart ikkje frukt. I teksten for denne søndagen understrekar Paulus at i kyrkja skal det ikkje svikte i siste ledd. "Kvar den som kallar på Herrens namn skal verta frelst". Har ordet drive voksteren så langt at mennesket vender seg til Gud i Jesu namn og bed om hjelp, så er frelsa sikker. Voksteren har nått sitt mål.

Da prost M.J.Færden døydde i 1911, skreiv son hans om faren sine siste levedagar i sjukesenga:

"Han beholdt også til det aller siste den naturlige glede over alt vakkert og godt, blev båret ut i solskinnet for å se frukttrærne i blomst og all sæden som spiret på åkrene". Eg forstår min kollega for hundre år sidan så godt. Synet av alt som spirer, veks og gjev frukt, skal alltid minne oss om Kristi ord sin gang gjennom verda. Frukta skal få vere det vakre bilete av frelsa for alle oss som i dag på Såmannssøndagen påkallar Herrens namn.

Geir Sørebø