IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

14. søndag etter Pinse

Rom 12:9-15

I PREIKA

Elska kvarandre! Kor vanskeleg det er! Men kor godt å vite at nokon er glad i oss!

I teksten gjev Paulus oss mange, konkrete tips på korleis me kan syne at me elskar andre. Her er nokre av dei: * sky det vonde, halda seg til det gode * tenk på dei som søsken * set dei andre høgt * la håpet gje glede * ver trufaste i bøna * hjelp dei som lid naud * ver gjestmilde * velsigna * gled deg med dei glade * gråt med dei triste

Kanskje de i gudstenesta kan finne mange fleire måtar??

Heime har eg ei hjartepute med armar(!) Denne har eg ofte med meg når eg skal snakke om kjærleik. For kjærleiken vår skal vere slik som ei hjartepute med armar, den skal vere varm, god og mjuk med armar som strekker seg ut mot medmenneska rundt oss! Hjarteputa er eit godt bilde på Gud også. Han elskar oss høgare enn alt anna. Fyrst elskar Gud oss, - så kan me elske andre.

VELSIGNE: er eit viktig ord i kyrkja og gudstenesta. I Guds velsigning ligg mykje omsorg. Han ynskjer oss alt godt, og ser på oss med kjærlege auge. Å velsigne er å ynskje det beste for andre, ynskje at dei skal oppdage at Gud elskar dei også.

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 707: Da jeg trengte en neste

LITURGI

Velsigninga: Få med nokre barn i velsigninga, kanskje kan dei vere med og synge teksten?? Sett fokus på velsigninga som noko godt frå Gud til oss. Noko som seier at kor glad Gud er i oss. Kanskje ei barnegruppe/konfirmantar på førehand kan lage nokre plakatar som syner døme på velsigningar??

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J