5. søndag etter pinse

Rom 14,7-13

DOMMEN SINE TRE DIMENSJONAR

I den seinare tida har det vore mykje fokus på fotballdommaren. Det har vore hevda i media at Rosenborg sin suksess i tippeligaen gjennom mange år til ein viss grad har hange saman med at dei har hatt dommarstanden på si side. Så mykje diskusjon har det vore rundt fotballdommaren at ein skulle tru at han feller dei viktigaste domsavgjerdene i tilværet. Teksten for denne søndagen peikar på at det går mange små dommarar rundt omkring i bygdene som uttalar seg om det store livsspelet utan heilt å reflektere over at det er ein heilt annan instans som har dommarfløyta i lomma og som kan stanse spelet når han finn at tida er ute. Når Bibelen talar om dommen, så er det alltid Guds dom det gjeld. Guds dom over oss. Og når det gjeld Guds dom over oss så viser denne teksten at det er tre dimensjonar ved våre liv som står i fokus.

  1. Totalt avhengig av Gud
  2. Etter ei alvorleg ulykke vart ein mann liggjande i respirator. Maskina pusta for han og sytte for at livsfunksjonane gjekk sin gang. Utan den ville han døydd. Etter nokre dagar var det ein som sa til meg: "Han lever, men han er eigentleg død". No er det berre eit spørsmål om kor lenge dei vil at respiratoren skal gjere arbeidet. På ein måte er heile livet eit liv i Guds respirator. Vi lever i det medium som han til ei kvar tid gjev oss. Og ikkje minst er det slik med vårt åndelege liv, som fungerer i kraft av Den Heilage Ande. "Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg", seier Paulus (Gal 2,20). Om kroppen vår lever eller døyr, så er vår eksistens likevel under Guds kontroll. Vi høyrer han til i liv og død. "Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren".

  3. Respekt for medmenneske sitt liv
  4. Media opererer ofte med avsløringar. I juni 2003 vart det avslørt at den kvinneleg finske statsministeren hadde uttalt seg usant i sentrale politiske spørsmål, difor måtte ho gå frå statsministerposten. I etterkant av avskjeden var det fleire som meinte at politiske motstandarar hadde lagt ut ei felle for henne. Den kvinnelege statsministeren hadde bak seg ein strålande karriere. Dette kommenterer ein sentral svensk politiar slik: "Det har ført til at det var mange som hadde interesse av at hun skulle mislykkes". I så fall er dette ei haldning som er motsett den som kjem fram i bibelteksten. Siste er her omsett slik i Norsk Bibel si nynorskutgåve: "Difor bør vi ikkje lenger døma kvarandre. Fell heller den domen at ingen må leggja snåvestein eller felle for bror sin." Tvert imot. Vi skal ønskje det beste for våre medmenneske. For dei er medmenneske i den forstand at dei står saman med oss i det å tilhøyre Gud.

  5. Ansvar for eigne handlingar

Ein av dei mest pinlege episodane eg hugsar frå barndommen min var den gongen i første klasse på skulen eg tissa i buksa i skuletimen, og det rann ei stripe bort over golvet. Læraren lurte på kvifor det var vått på golvet. Då sa eg at det var fordi mor mi hadde gjeve meg ei våt bukse den morgonen. Det vart for tøft å ta ansvaret sjølv. I grunnen var svaret mitt typisk. Når noko går gale i livet mitt, så er det gjerne dei andre som har skulda. Foreldra mine, samfunnet, skulen, miljøet osv. Bibelteksten for denne søndagen har ei sterk påminning om at til sjuande og sist er det ingen andre enn oss sjølve som står ansvarlege for alt vi gjer og er: "Vi skal alle fram for Guds domstol … Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv".

Det er tre dimensjonar ved Guds dom, for det første er Gud heilt suveren i sitt herrevelde over oss alle, for det andre punkterer Guds suverene dom min kompetanse til å dømme andre. Han har ikkje utnemnt meg til meddommar, men til å vere medmenneske. Og for det tredje gjer Guds dom at eg må stå fram som eit menneske ansvarleg for mitt eige liv.

Måtte Kristus som døydde og vart levande att, stå saman med oss i livet og i dommen slik som han har lova alle som trur på han.

Geir Sørebø