2. søndag i advent

Rom 15,4-7

VI TENNER EIT LYS FOR HÅP

Truleg vert det sagt ein del gonger i adventtida i det adventskransen vert kveikt eller eit anna ljos: "Vi tenner eit ljos for håp". Håp - eller von som vi helst seier på nynorsk - er eit godt og positivt ord. Men kva tenkjer vi på når vi tek dette ordet i vår munn i adventstida? Teksten for 2. søndag i advent frå Romarbrevet talar om von. Vi skal få von ... (v.4). Og så vert det sagt noko om kva som gjev oss kristne von for framtida:

1. Trøyst frå skriftene

Det var for nokre år sidan. Kommunen hadde i adventstida bede dei tilsette inn til ei juletilstelling med eit betre måltid. Rådmannen ønskte velkomen og ordla seg omtrent slik: Ja, no er vi samla ein stor flokk med tilsette, dyktige medarbeidarar kvar på sitt felt. Her er skulesjefen med sin pedagogiske kompetanse, her er kommunelegen med sin medisinske viten, her er teknisk sjef med sin ingeniørkunnskap, og her er presten med si --æh, trøyst. Eg opplevde det kanskje litt underleg at trøyst skulle vere mitt fag. Men kanskje var ikkje rådmannen så dum likevel. Paulus skriv jo at dette er eit mål med Bibelen: Å gje oss tolmod og trøyst (v.4). Når vi nærmar oss jula, vert nauda mellom oss ofte enno meir synleg. Vi ser menneske som sørgjer. Vi ser ektemakar som går frå kvarandre. Vi ser sosiale problem, angst, depresjon, sjukdom. Og så kjenner vi oss ofte hjelpelause. Korleis kan vi gje meiningsfull trøyst. Romarbrevsteksten seier oss: Gløym ikkje at skriftene kan gje trøyst. Det gjev den kristne von.

2. Samkjensle frå Gud

I eit avsidesliggjande dalføre budde det to bønder. Det var ikkje så mange andre å snakke med.

Dei trengde fellesskap. Men dei snakka aldri til kvarandre, for dei hadde ein gong for fleire år sidan vorte usamde om kvar grensa gjekk mellom gardane. Ofte ser vi slike døme. Bagatellar gjer at det vert bygde murar mellom menneske. Det kan skje mellom statssjefar. Det kan skje mellom ektemakar. Ofte går både partane og folk rundt dei og leitar etter det vesle grepet som skal til for å kome inn i eit godt spor. Paulus har ei bøn. Ei bøn om at Gud må gjere kyrkjelyden samlyndte slik at dei samhuga og med ei røyst kan prisa Gud (v.5f). Det er mange menneske som har fått oppleve at når dei kom saman framfor Gud, så vart murane brotne ned. Tilgjeving og forsoning

skapte nye tilhøve. Også i situasjonar der alt tyktest heilt fastlåst før. Denne erfaringa og denne opplysinga frå teksten skal gje den kristne von.

3. Mottaking av Kristus

Det var ein kyrkjelyd som arrangerte eit seminar om sorg. Eg var med som innleiar. Vi hadde gått gjennom vanlege teoriar om sorgarbeid og sorgreaksjonar. Etter eit par timar er det ein eldre mann som reiser seg og seier: "No skjønar eg ingen ting. Her har presten stått og snakka i det vide og breie om korleis vi skal hjelpe kvarandre i sorg, og så har vi ikkje høyrt eit einaste ord om Jesus. Det som verkeleg hjelper i sorg er jo å vite at Jesus tek imot oss". Mannen gav meg ei viktig påminning. I ein kristen kyrkjelyd må vi aldri gløyme den vona som ligg i å vite at Kristus tek imot når vi kjem til han. Både i dette livet og etter døden.

I teksten for denne søndagen står det ei fantastisk fin formulering: "Kristus tok imot oss, til Guds ære". Kristus tek ikkje imot ein syndar med stor skepsis og lurer han inn bakdøra til Guds rike. Nei, han tek imot syndaren med stor entusiasme, og han gjer det for å ære Gud. Slik er det, og slik skal det vere når Jesus kjem att. Dette er den kristne vona framfor Jesus si atterkome.

Vi kveikjer i den mørke adventstida eit ljos for håp. Uansett kor mørkt livet viser seg, så vil den kristen kunne vone på lysare tider fordi skriftene gjev trøyst, Gud gjev samkjensle og Jesus tek imot oss til Guds ære.

Geir Sørebø