22. søndag etter pinse

Rom 8,31-39

SIKKER I EI USIKKER SAK

Ein kjenning av meg sa for litt sidan. Det einaste vi veit sikkert her i livet er at vi skal døy. Det låg jo mellom linjene i denne utsegna at det som kjem etter døden er heller usikkert. Tilstanden etter døden er ei høgst usikker sak, vil mange hevde. Ikkje berre dei som er utan tru. Men også truande kristne lever ofte i uvissa. Har eg verkeleg den rette trua? Korleis kan eg med det livet eg har levd, verkeleg vere sikker på å tilhøyre den frelste flokken? Og det er jo så mangt på denne jorda som gjer oss usikre. Paulus nemner tre forhold:

1. Motstanden kan gjere oss usikre

Akkurat i desse dagar høyrer vi at ein norsk misjonær frå Levande Ord er fengsla i Nepal. I det landet er evangelisering forbode. I ei av dei store avisene våre las eg akkurat ein kommentarartikkel om kor uheldig det er når ivrige misjonærar trengjer seg inn i andre kulturar. Vi har høyrt om motsetnadene mellom kristne og muslimar i Indonesia. Nokre hugsar attende revolusjonen i Kina i 1949 og korleis misjonærar vart drivne ut or landet. Ein mann eg kjenner fortalde meg for litt sidan om korleis han i dag hadde vorte mobba på arbeidsplassen fordi han presenterte seg som ein aktiv kristen som inviterte til kristne samlingar. Men ingen ting av dette er noko nytt. Paulus erfarte det meste i si misjonsteneste. Hans konklusjon er slik med orda frå Salme 44: "For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer" (v.36). Og trass motstanden er han sikker. For han kan seie: "Er Gud for oss, kven er då imot oss?" (v.31).

2. Klagemåla kan gjere oss usikre

Eg kan ikkje gløyme telefonen eg ein gong fekk frå ein mann som sa om lag følgjande: "Eg var i kyrkja på søndag og eg la merke til kven som gjekk til alters. Og no vil eg berre fortelje deg at ein av dei som knelte med altarringen var ein stor syndar. Eg kjenner mannen godt og veit kor vanskeleg han kan vere å samarbeide med. Ofte har han stelt i stand konfliktar på arbeidsplassen. Eg meiner det er ei skam og eit hykleri at slike folk deltek i nattverden". Eg prøvde å seie noko om at nattverden nettopp er for syndarar som opplever at dei ikkje får livet sitt til. Men innringaren ville ikkje høyre på det øyra. Paulus fekk mange klagemål mot seg, til og med for grov kjefting (Apg 23,3ff). Klagemåla kan gjere oss usikre. Trass i klagemåla er Paulus sikker. For han kan seie: "Kven vil klage Guds utvalde? Gud er den som frikjenner" (v.33).

3. Fordømming kan gjere oss usikre

I ein sommarferie vart eg oppringd frå eit sjukehus. Ein mann låg for døden. Han måtte straks snakke med ein prest. Noko han hadde gjort for mange år sidan i arbeidslivet plaga han. Han meinte at han hadde gjort andre menneske ein urett. Noko han no angra bittert på. Samvitet hans fordømde han. Eg kunne i telefonen sitere frå Johannes første brev: "dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd". Paulus hadde også eit samvit som dømde han. Han kunne fortelje om korleis han tidlegare hadde forfølgd Guds kyrkje nådelaust og gjort sitt beste for å rydde henne ut (Gal 1,13). Fordømminga kan gjere oss usikre. Trass i fordømminga er Paulus sikker: For han kan seie: "Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre han, og han bed for oss"

Det er underleg å sjå kor sikker Paulus kan vere i ei usikker sak. Det har sin grunn i ein stor visjon. Ein visjon av Guds kjærleik til oss i Kristus Jesus. Nokre av dei finaste orda i kyrkja sin liturgi er etter mi meining denne setninga i nattverdsliturgien: "Deg vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden". Sterkare enn all motstand. Sterkare enn alle klagemål. Sterkare enn all fordømming. Difor kan Paulus seie til oss: "For eg er viss på at korkje død eller liv, det som koma skal eller noka makt, korkje det som er i det høge eller det djupe, eller nokon annan skapning skal kunne skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre". Sikker i ei usikker sak.

Geir Sørebø