3. søndag etter påske

Salme 126

GLIMT FRÅ LIVET MED GUD

Salmane i Det gamle testamentet gjev glimt frå livet med Gud. Dei har sitt opphav i ei heilt anna tid og i ein heilt anna kultur. Men likevel kjenner vi oss att. For det er noko som er likt til alle tider når det gjeld livet med Gud. Og så nyttar salmane bilete som menneske i alle kulturar vil kunne skjøne. Vi møter tre slike bilete i Salme 126:

1. Elva

Midt gjennom prestegardshagen hjå meg går ei lita elv. Går vi ti år attende i tida, så gjekk kloakken frå prestegarden ut i den elva. Problemet var at i tørre periodar minka elva til nesten ingen ting, ja, ho kunne bli heilt vasslaus. Det var lite hyggeleg å oppleve at elva kunne skrumpe inn til eit illeluktande spor i terrenget. Nokre kraftige regndagar kunne frambringe eit foss med klårt, rensande vatn. Er det ikkje slik med kristenlivet vårt også? Nokre gonger tørkar det inn, og vi opplever at tankane våre går i grumsete spor. Og så kan vi høyre ei indre røyst som seier: "Kan du vere ein kristen som er så sjølvoppteken, så materialistisk, så vondsinna?" Og så kan vi kanskje i neste augneblink sukke, og hadde vi levd i Israel for 2500 år sidan, så hadde vi kanskje brukt desse orda: "Vend vår lagnad, Herre, som bekkene i Negev!" Desse bekkene som i periodar kunne tørke inn liksom elva gjennom prestegarden i Lavik.

2. Tårene

Vi hadde snakka saman ei god stund. Det var ein slik god sjelesørgerisk samtale der ein kjem inn på dei djupe spørsmål i tilværet. Så kom tårene. Dei rann sakte ned over mannen sine kinn. Det var noko han tok fram som ikkje let seg snakke om utan gjennom tårer. Men det gjorde godt å snakke om det. Samtalen enda til sist med eit smil. Og han gav uttrykk for at det hadde vore ein verdfull samtale. Er ikkje dette erfaringar som vi har gjort i kristenlivet? Det var stunder der vi måtte sleppe tårene til. Kanskje var det noko vi måtte tilstå for andre menneske og Gud. Kanskje var det noko vi måtte streve med og til sist greidde kome oss gjennom. Og så gjorde vi erfaringar som kunne ha vorte uttrykt med salmisten sine gamle ord: "Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop".

3. Draumen

Vi har sikkert opplevd alle å liggje nokre sekundar i halvvaken tilstand om morgonen og fundere: Kva er draum og kva er røyndom? Ein gong viste det seg å vere røyndom. Det var ektemannen som hadde lege og fantasert om at kona hans venta barn. Dei hadde streva og venta i åresvis og no venta ho endeleg barn. Var det berre ein draum? Han måtte spørje henne. "Du er rar", sa ho då ho vakna. Vi fekk det jo stadfesta i går. Ja, visst. Det var sant, men likevel som ein draum. Men då han nokre dagar seinare vakna med tankane fulle av biletet av ein treåring med fiskestong på stranda, så visste han det med ein gong: Dette var berre ein draum. Men likevel ein draum som snart kunne verte røyndom. Er ikkje dette erfaringar vi har gjort i kristenlivet? Å vere kristen er å sjå attende på noko som har hendt for oss og med oss som er så stort at vi må spørje kvarandre: Har det verkeleg hendt? Og samstundes er det noko endå større som står att som vi strevar med å danne oss bilete av. "Då Herren vende Sions lagnad, var det for oss som ein draum". Slik sa dei i gamle dagar. Vi kunne nesten brukt dei same orda.

Israel hadde opplevd at Herren hadde ført dei gjennom Raudehavet. Han hadde ført dei attende frå Babylon. Og enno var ikkje lovnadene uttømde. Så fantastisk som i ein draum. Dei hadde opplevd vanskelege tider, tårer og draumar.

Vi kan sjå attende på Kristus, på hans død og oppstode. Vi har opplevd at han har gripe inn i våre liv. Alt så utruleg som ein draum. Og enno står det største att. Vi har opplevde tørre tider, tårer og draumar. Og så kan vi stå saman med Guds folk i den gamle pakt og Guds folk gjennom alle tider om dette Bibel-verset: "Ja, store ting har Herren gjort mot oss, og vi vart glade."

Geir Sørebø