7. søndag etter pinse

Salme 119,9-12

DEN REINE STIGEN

Ei middelaldrande dame fortalde meg at då ho som ungdom flytte heimafrå, så sa far hennar til henne: "Ja, no må du halde din stig rein!" Ho hadde nok ikkje vore så heilt sikker på kva han meinte, men når fedrar talar i gåter til døtrer, så er det jo nærliggjande å tru at det gjeld sex. Formaninga til faren skulle dermed kunne fortolkast slik: "No må du ikkje gå til sengs med nokon gut før du er gift". Slik har nok vers 9 i salme 119 også ofte vorte forstått. Men dette vert for snevert. Den hebraiske teksten til spørsmålet verset byrjar med, burde nok inn i vår situasjon i dag utleggjast slik: "Korleis kan ein ungdom leve eit rett kristent liv?" Teksten svarar på dette spørsmålet på følgjande måte:

1. Lære Guds ord

Biskop Kåre Støylen fortalde ein gong at han hadde fått eit telegram frå ein båt i den norske handelsflåten som lydde slik: "Stor diskusjon om bord. Står det i Bibelen: Ein kvar vert salig i si tru?" Og biskopen telegraferte attende: "Nei. Det står: Ein kvar vert salig i trua på Jesus Kristus".

Eg har høyrt og sett mange diskusjonar om kristne spørsmål, ikkje minst kristent liv, der Bibelen i svært liten grad vert konsultert. Ein meiner noko er rett kristeleg fordi det vert opplevd som rimeleg og fornuftig. Det ville jo vere rimeleg at ein kvar vart salig i salig i si tru. Men Bibelen seier: "Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg". Bibelen svarar faktisk nokså klårt om mange spørsmål som gjeld kristen tru og kristent liv. Og då må ein kristen starte med å lære kva som står i Guds ord. "Lær meg dine føreskrifter!", står det i salme 119. Slik må det framleis heite for den som vil leve eit rett kristent liv.

2. Elske Guds ord

Frå gymnastida mi hugsar eg at vi ein gong fekk ein vikar i norsk som hadde fått Henrik Wergeland på hjernen. Han siterte Wergeland. Han deklamerte Wergeland. Han gav oss oppgåver i Wergeland. Han formidla til oss at Wergeland var bra. Det var heilt tydeleg at Wergeland sine skrifter hadde gjeve han mykje og at han var glad i denne litteraturen. Salme 119 er gjennomsyra av kjærleiken til Guds ord: "Eg søkjer deg av heile mitt hjarta ... I hjarta gøymer eg ditt ord" (v.10f), og enno sterkare seinare i salmen: "Skirt og reint er ditt ord, din tenar elskar det" (v.140). Dersom Bibel-ordet har formidla til oss kjennskapen til Jesus og Guds gode vilje for livet vårt, og dessutan dagleg gjev oss fornying, korleis kan vi då anna enn å elske dette ordet. Og dersom vi elskar Ordet, så må det kome til uttrykk minst like tydeleg som hos ein nybakt adjunkt som av ein eller anna grunn hadde fått Wergeland på hjernen. Den som vil leve eit rett kristent liv, må elske Guds ord.

3. Leve etter Guds ord

Eg tykkjer det er rart at lækjarar og helsepersonale røykjer. Ein diskusjon om kvar røykjerommet for sjukehuspersonalet skal plasserast, verkar på meg heilt absurd. Lækjarar arbeider for å betre vår helse. Dei veit at røyking er til dei grader helseskadeleg. Når dei så ikkje tek praktiske konsekvensar av dette i sitt eige liv, så vert min tillit til dei borte. På same måten som eg misser tillit til politimannen som køyrer i 80 i 50-sona eller til bankkasseraren som stel av kassa.

Eg vil aldri gløyme at eg ein gong sat ved ei sjukeseng, og den sjuke sa at han kunne ikkje tru på den kristne bodskapen fordi han hadde opplevd å møte så mange kristne som ikkje tok Guds ord og bod på alvor i det praktiske kvardagslivet. No kunne eg ha sagt: "Du må ikkje sjå på dei kristne. Du må sjå på Jesus". Men det fungerte ikkje, for han hadde mista tilliten til både dei kristne og til Guds ord. Og det er jo innlysande: Den som har lært Guds ord. Den som elskar Guds ord. Han må også halde seg til Guds ord (v.9) i det praktiske liv.

"Korleis kan ein ungdom halde sin stig rein?" Ja, då må stigen med jamne mellomrom ryddast. Ikkje minst for alle inkonsekvensar. Inkonsekvensar mellom teori og praksis. Ein kristen er ein som har si kjelde i Guds ord. Då vil han lære Guds ord. Då vil han elske Guds ord. Då vil han leve etter Guds ord. Ikkje av tvang, men av trong. Akkurat som den tørste som ikkje berre ser på bekken som renn forbi, men legg seg ned og drikk av det klåre, reine vatnet.

Geir Sørebø