17. mai

Sal 127,1-2

GUD SIGNE NOREGS LAND

Den på 17. mai er med og syng dei gode, gamle salmane som ein finn under folk og fedreland i salmeboka, vil sjå at det er eitt ord som vert nytta om att og om att: "Signe". For mange er dette kanskje eit ukjent ord i dag, sjølv om ein kanskje har ei aning om at kongen vart signa i Nidarosdomen. Og så har nok mange ei aning om at signing er noko som kjem frå Gud og som gjer at livet vårt vert betre og rikare. 17. mai-teksten frå salme 127 vil gje oss eit glimt av kva signing er:

1. Resultatlaus husbygging - utan Gud

I mine studentdagar var eg saman med nokre kameratar av meg opp i fjellet og restaurerte ein gammal støl. Eit stølsbygg som var heilt til nedfalls vart bygd opp att og lagt torvtak på. Det såg nesten ut som eit nytt hus då vi var ferdige.

Eit besøk til stølen 15 år seinare gav ei ubehageleg overrasking. Huset var falle ned på nytt. Ikkje fordi snekkararbeidet var gjort dårleg. Men fordi grunnmuren hadde rasa ut. Noko som hadde ført til at huset hadde velta over på sida. Vi hadde gjort eit stort arbeid, men det var noko heilt grunnleggjande som hadde svikta. "Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes" (v.1), står det i dagens salmetekst. I mange heimar har ein opplevd dette. Dei hadde alt, men likevel var det noko heilt grunnleggjande som svikta og som øydela heimen. I mange bygdelag og samfunn har dei hatt stor velstand, men så har mykje rasa saman på grunn av strid og motsetningar. Når kristentrua stod så sentralt for Eidsvolls-mennene at ho vart teken med først i grunnlova, så var det jo fordi at dei såg at skulle Norge ha ei framtid, så måtte landet byggjast på Guds Ord sitt grunnlag.

2. Resultatlaust vakthald - utan Gud

Eg hugsar ei natt i militæret. Det var om vinteren. Vi låg ute i telt i 30 kuldegrader. Vi hadde sett ut vakt. Vaktmannen gjekk rundt i leiren for å passe på at ingen uvedkommande kom inn. Då tok det fyr i ein sovepose i teltet vårt. Han som låg i posen og sov, merka ingen ting før det byrja å brenne i beina på han. Vaktmannen la ikkje merke til dette, for han gjekk og såg etter fiendar borte i skogbrynet. Han hadde ikkje tenkt på at den største faren den natta kom innafrå.

Norge har alltid hatt vaktmenn. På grensa til Sverige. På grensa til Russland. Vi brukar radar og fly. I dag ser vi kanskje tydelegare enn i 1814 at vaktmenn ikkje kan verne oss mot alle farar. Ja, ikkje ein gong mot dei mest alvorlege. Vi ser sanninga i dei gamle orda: "Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen til fånyttes" (v.1). Mangt som truar menneskeverdet i samfunnet vårt, går føre seg i det skjulte. Mobbinga av menneske som er annleis, incest, overgrep, vald i heimen, steling, utruskap osv. Vi kunne lage ei lang liste. Utviklinga i landet vårt er ikkje minst avhengig av den indre etiske standard. Og då må landet vaktast av Herren.

3. Resultatrik søvn - med Gud

På prestegarden i Lavik står det nokre gamle plommetre. Eg har ikkje gjort nokon ting med dei i dei 13 åra vi har budd her. Eg har ikkje ein gong gjødsla dei. Men kvart år ber dei bøttevis med flotte plommer. Naturen gjev oss masse rikdomar heilt gratis. Eller med ei formulering som er meir på linje med bibelteksten: Gud gjev sine vener det dei treng medan dei søv (v.2). Fedrelandssalma vår er gjennomsyra av denne tanken. Utviklinga i Noreg har gått frå mørke til ljos fordi Gud har verja oss, vakta oss og velsigna oss: "Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde" (NoS 739,2).

Det finst altså eit resultatlaust strev, og det finst eit arbeid, ein innsats, ja, til og med ei kvile som gjev menneske eit trygt samfunn med det vi treng for å leve. Skilnaden er Guds signing. Med den nyttar det å byggje, halde vakt og arbeide. Lat oss framleis be om Guds signing for vårt land!

God 17. mai!

Geir Sørebø