Såmannssøndagen

Salme 33,1-9

Inga bok er meg så kjær …

Ein mann ringde meg ein kveld for å snakke om tru og tvil og liv og lengt. Han var på leiting etter ein måte å leve på som var betre enn den han hadde i dag. "No har eg teke til å be Fader Vår og slutta å banne", sa han. Eg lurte på om det var på tide å gå eit steg vidare og byrje å lese litt i Bibelen. Jau, han var ikkje heilt framand for den tanken. "For eg har høyrt noko om at Bibelen skal vere ein bestseljar", sa han. Og det hadde han jo rett i. Kva er det som gjer Bibelen til ein bestseljar? Eg for min del meiner det er fordi menneske på nytt og på nytt erfarer at Bibelen er Guds Ord og at dette Ordet har eineståande eigenskapar. Teksten for denne søndagen seier noko om det. Tre sider ved Ordet vert løfta fram:

  1. Ordet skaper ein ny song
  2. Eg hugsar frå tida mi i eit kristent ungdomslag (for godt vaksne ungdomar), at ein av favorittsongane var Anders Hovden si salme:
    "Inga bok er meg så kjær,
    som min moders bibel er,
    hennar tårer, hennar merke går'kje ut.
    Han er sliten, gammal no,
    men eg minnest vel kor ho
    tok meg varmt på fanget sitt og bad til Gud.
    Gamle bok, kjære bok,
    du meg minner om det dyre sonings blod!
    Meire kjær frå år til år
    blir du meg kvar helst eg går
    på den tronge veg som opp til himlen når."
    (Sangboken, Nr 593)

    Den salmen hadde liksom ein eigen klang, som igjen og igjen rørte ved noko inne i oss. Eg trur det hadde med det å gjere at salmen sette ord på opplevingar med Guds Ord som mange kjende att. Det er ein gammal diskusjon om kva slags musikk som høver seg i kyrkja. Heilt klart må det vere at i kyrkja høver den musikk og song som spring fram av opplevingar og tankar som menneske har fått av Guds Ord. For Ordet skaper ein ny song. Slik har det vore frå gamle tider av. Salme 33 viser dette. Ein ny song tonar pga. at Herrens Ord er slik det er.

  3. Ordet skaper nye menneske
  4. Eg hugsar ikkje kor gamal eg var. Men eg hadde fått karakterboka med heim frå skulen. Vi hadde besøk av ein onkel av meg heime. Han skulle få sjå karakterane. Då han såg dei, sa han: "Du store verden kor flink du har vore! Du skal sanneleg får 5 kroner av meg!". No var 5 kroner ikkje så lite då eg var ung, men det vesentlege var at det han sa, forsterka av dei 5 kronene, var ord som sette mot i meg og gav meg ny lyst til å drive på i skulen. Eg fekk ei tru på at eg var flink. Vi har sikkert alle døme frå livet vårt på at enkle, velvalde ord frå eit anna menneske har gjort oss til nye menneske. Når vanlege menneskeord har slik kraft, kor mykje meir har ikkje då Guds Ord kraft til å nyskape oss. "Ved Herrens Ord vart himmelen skapt … han baud, og det stod der". Dette er fundamentet for kyrkja. Kvifor har vi ikkje stille dåp og stille nattverd? Kvifor må det alltid seiast noko av presten? Fordi det til sjuande og sist er Ordet som fornyar menneske. Manglar Ordet, er vatn berre vatn og brød berre brød og vin berre vin. Ordet har ei eineståande kraft i høve til menneske, for det har ikkje berre endra historia, men heile himmelrømda.

  5. Ordet er truverdig
  6. Det stod for litt sidan eit festleg oppslag på Oslo-trikken: "Takk for den elektriske nesehårfjerneren jeg fikk til jul. Den sluttet å virke 2. juledag. Men tanken var god". Det er kanskje fleire som har erfart at ting slutta å virke 2. juledag. Samfunnet sine reklameord er langt frå å stole på. Eg må berre tilstå at eg gong etter gong går på limpinnen. Annonsen såg så flott ut. Eg følte at eg trengde nett dette produktet. Men etter ei tid vart eg ofte skuffa. Produktet heldt ikkje det som det lova. Det gjorde meg ikkje verken lukkelegare eller sunnare og dessutan gjekk det i stykker og vart plassert i kjellaren.
    Salmisten sitt vitnemål er at "Herrens ord er sanning, alt han gjer, kan ein lita på". Det skal altså ikkje vere slik at det som Herren har skapt går i stykker, eller at ordningar som han har etablert ikkje vert følgde opp eller er til å stole på. Heile jorda vitnar og lovsyng om det motsette. Ja, "jorda er full av hans miskunn".

Det har sine grunnar at Bibelen er bestseljaren. Bibel-dagen stimulerer oss alle til å blåse støv av den store Boka og late Ordet møte våre liv.

Geir Sørebø