IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Såmannssøndag

Salme 33:1-9

I PREIKA

Bibelsøndag. Mange 5. klassingar som kjem til kyrkje for å få bibel. Bibelen er i fokus (og i år har Bibelseskapet satsa på bibelomsetjing). Korleis skal me formidle lesarglede og gje femteklassingane lyst til å bla i bibelen når dei kjem heim?

Eg skal ha med meg ein liten bibelutstilling til kyrkjene. Med nye biblar, gamle biblar, små biblar og store biblar. Eg vil også ha med ulike barnebiblar, med bibeldelar og (sjølvsagt) bibel på hebraisk (GT) og gresk (NT). I tillegg vil eg og ha med meg nokre fine bilde, som eg vil plassere litt her og der i kyrkjerommet. Bilda har bibelvers på seg. Etter gudstenesta kan alle som vil kome fram og sjå, - men eg vil også syne fram nokre av biblane i preika.

Salme 33 er ikkje den enklaste teksten å preike over på familiegudsteneste. Teksten er poetisk og vakker, men lyder nok best i vaksne øyre. Så eg vil gjere som på søndagsskulen velje meg ut ein setning eller to i preika.

Eg vil bruke "For Herrens ord er sanning, alt han gjer, kan ein lita på". Er det ikkje det me ønsker at femteklassingane skal få med seg? Er det ikkje difor me driv med omsetjing av bibelen til stadig nye språk? Slik at stadig nye skal sjå at Guds ord er sanning og at ein kan lita på Gud.

Bibelselskapet har laga eit spel om Mary Jones dette kan gjerne brukast denne søndagen. Dersom det ikkje er mogleg, kan ein lese forteljinga om henne i preika. Mary var jenta som så sterkt ønska seg sin eigen bibel at ho sparte i 6 år, og gjekk langt for å få tak i boka. Til presten som ho til slutt fekk kjøpe bibelen av sa ho at det skulle vore slik at det var nok biblar, slik at den som ville kunne få kjøpe seg sin eigen bibel. Pastor Charles var einig, og det tok ikkje lang tid før det fyrste bibelselskapet var på plass. I år er det 200 årsjubileum!

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 304: Bibelen er en gammel bok

LITURGI

Bibelprosesjon: Nokre barn kan vere med og lage ein liten prosesjon før lesinga av evangeliet kanskje skal lesinga foregå nede ved døra??? Bruk gjerne eit Halleluja-vers før og etter lesing.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J