17. mai
Salme 121

Fjellet for alle - 17. mai for alle

Alle nordmenn har eit forhold til fjellet. Mange av dei gamle, norske songane som vi syng også på 17. mai handlar om fjellet. Alle har sett eit fjell. Og alle har vore på fjellet. Der er det fritt for fotfolk. Fjellet er for alle. 17. mai teksten gjer fjellet til eit bilete på Gud. "Eg lyfter mine augo til fjellet" får berre meining når vi ser at fjellet her er Gud sjølv. Tre eigenskapar med fjellet minner om Gud:

  1. Fjellet er stort - liksom Gud er stor
  2. Kva er det største i verda? Nokre vil kanskje seie USA. Andre vil kanskje seie Russland. Eller China. Ved nærare ettertanke vil nokon seie at der er ikkje noko land, men det er havet. Havet er større enn noko anna. Men det er vel heller ikkje rett. Det største må vere fjellet. Fjellet er over alt. I alle land når vi kjem djupt nok ned i jorda. Det er under havet og det er 8000 meter over havet. Fjellet er det største. Men nettopp derfor kan fjellet minne oss om Gud. Han som skapte himmel og jord, er større enn alt. Han er det største vi kan tenkje oss.

  3. Fjellet er solid - liksom Gud er solid
  4. På trikken i Oslo stod ein informasjonsplakat før jul med teksten: "Takk for den elektriske nesehårfjerneren jeg fikk til jul. Den sluttet å virke 2. juledag, men meningen var god". Dette har alle opplevd. Ein fekk noko som slutta å virke. Alt går i stykker. Ballongar går i stykker. Bilar går i stykker. Ekteskap går i stykker. Land og nasjonar går i stykker. Men fjellet går aldri i stykker. Lause steinar og hamrar kan falle ned. Men sjølve fjellet er solid. Gud er solid og påliteleg. Hos han kan alle søkje livd. Han står støtt dag og natt. Same kva farar det er som truar oss frå himmel eller jord, så kan ein finne ly og vern hos Gud.

  5. Fjellet er uforanderleg - liksom Gud er uforanderleg

Alt forandar seg og vert eldre. Ein såpeboble varer i eitt minutt. Ein sommarfugl lever kanskje i ein månad. Eit menneske i 100 år. Eit tre kanskje i 300 år. Alt forandrar seg, men det som forandrar seg minst på jorda, må vere fjellet. Dersom kong Magnus og kong Sverre som kjempa ved Fimreite i 1184 hadde kome attende til Sogn i dag, så ville dei sett att omtrent alt var forandra, men fjella ville dei kjent att. For fjellet er uforanderleg. Nesten som Gud sjølv: Han som kan vakte vår utgang og inngang frå no og til evig tid.

Utafor Gulen kyrkje står det ein stor kross som er hoggen ut av fjellet. Krossen har stått der i 1000 år. Krossen som er laga av fjellet, viser oss at det ikkje berre er fjellet som er stort, solid og uforanderleg. Det er ikkje berre Gud som er stor, solid og uforanderleg, men Guds kjærleik. Det når eg ser krossen at eg veit at "mi hjelp kjem frå Herren", at han er vår vaktar som varar vår utgang og inngang.

 

I Danmark vert det fortalt eit spanande sagn om korleis flagget vårt vart til. Det var danskekongen Valdemar som var på reis til Estland saman med 4 biskopar og ein del soldatar. Dei skulle fortelje folket der om kristendommen. Ein dag vart dei plutseleg angrepne av ein stor hær. Danskekongen og alle som var med han var ille ute og greidde ikkje å forsvare seg. Då fortel sagnet at det dala eit raudt tøystykke ned frå himmelen. På det tøystykket var det ein kvit kross. Og kongen høyrde ei stemme som sa: "Ved denne krossen skal du sigre". Han og dei som var med han, skulle verte berga dersom dei løfta opp dette tøystykket og bar det framfor danskane.

Frå kong Valdemar si tid vart det raude tøystykket med den kvite krossen danskane sitt flagg. Og Norge overtok det same flagget, men sette inn ein blå kross i tillegg.

Når vi på 17. mai heisar flagget, så vil vi gjennom flagget sitt krossmerke kunne sjå noko meir enn eit nasjonalt sigersmerke. Vi kan sjå flagget med krossen som det universelle sigersmerke som peikar på Kristi kjærleik, på den Gud som er stor, solid og uforanderleg. Fjellet er for alle. Guds kjærleik er for alle. 17. mai er for alle.

Geir Sørebø