1. søndag i advent

Sef 3,14-18

VENT PÅ ADVENT

Dei fleste veit at orda "vente" og "advent" ikkje direkte har noko med kvarandre å gjere. Advent kjem av det latinske ordet "adventus", som kanskje best kan attgjevast med bokmålsordet "ankomst". Og den som skal kome, er altså Herren, Jesus Kristus. Vi kunne vel seie at vi første søndag i advent går inn i tida der vi på ein spesiell måte ventar på at Jesus skal kome. Vi ventar på "ankomsten", eller som det heiter på latin: "adventus". No er ikkje dette noko nytt. I profetbøkene i det gamle testamentet les vi gang på gang om Herrens dag som ein gong skal kome. Den dagen skal verte eit vendepunkt i historia. Det skal verte ein dag for dom og ein dag for frelse. Denne søndagens tekstutsnitt framhevar fleire forhold som skal verte nye:

1. Angsten skal vere borte

"Grunnen til min angst er at jeg og familien bor i samme hus som mine svigerforeldre. Konflikter mellom ungene, deres besteforeldre og meg har gjort at jeg har utviklet angst. Jeg fungerer bra ute blant folk, på jobb og ellers, men inne i mitt eget hjem har jeg veldig angst". Dette er eit sitat frå ei bok om angst. Boka inneheld mange slike beretningar. Og det er ikkje vanskeleg å samle materiale til ei slik bok. For livet vårt er fullt av angst. Samfunnet er prega av angst. Ja, ein amerikansk psykiater sa for nokre år sidan at vi lever i angsten sin tidsalder. "Ver ikkje redd, Sion" står det i teksten frå profeten Sefanja. Vi kjenner orda igjen: "Ver ikkje redd, Maria!" (Luk 1,30). "Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede" (Luk 2,10). Denne dagen er det mange menneske som ventar på. For det ville verte ein ny dag for dei.

2. Mismotet skal ta slutt

Eg måtte ha med meg litt lesestoff på flyet og augo fall på ei engelsk bok i kiosken. Tittelen var "The new Terrorism". Boka var skriven i 1999 av ein engelsk forskar. Innleiingsvis i boka reknar han opp dei terroristtilfella som har kosta flest menneskeliv dei siste tjue åra. Han nemner 7 tilfelle der det har gått tapt meir enn hundre menneskeliv. Men så skriv han at vi no (1999) har gått inn i ei ny tid der terroristar har våpen og strategiar til disposisjon som vil kunne leie til øydeleggingar som gjer at dei nemnde terroristtilfella kjem til å verke små. Det er uhyggeleg å lese denne boka, for to år etter at ho vart skriven er den dystre spådomen eit faktum. Og dersom det også er sant at vald avlar vald, så kunne det sanneleg gje grunnlag for mismot. "Lat ikkje hendene siga!" står det i søndagens bibeltekst. Herrens dag er ein dag med dom over alt vondt. Det er derfor også den dagen det, slik det står i teksten, skal jublast og ropast med fryd. Vi hugsar at Jesus las i synagoga i Nasaret om fridom for fangar og trælka som skulle løysast og sa: " I dag vart dette skriftordet oppfylt (Luk 4,21). Denne dagen er det mange menneske som ventar på. Ein ny dag.

3. Gud skal vere nær

Det var ei gravferd til ein seksåring. Han hadde vorten drepen av ein bil som køyrde på han på vegen. Siste salme vi song i kyrkja var: "Tett ved sida mi går Jesus, alltid vil han vera der. Eg treng ikkje gå og ottast når eg fylgjer Jesus her. Han på vegen vil meg vakta så eg ikkje går meg vill. Å, kor godt det er for barnet å få høyra Jesus til". Så var det kanskje nokon som tenkte: Vi såg ikkje at Jesus var der. Vi opplevde ikkje at han var nær på vegen. Bibelteksten vår seier: "Herren din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelse". Det er mange som ventar på den dagen dei skal sleppe å tvile på at Gud er nær. Og dei minnest Johannes sine ord: "Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda .. og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom" (Joh 1,9.14). Herrens dag. Dagen som var, men som vi likevel stadig ventar på. Det gjev meining å seie: Lat oss vente på advent - lat oss vente på at Herren skal kome nær, fri oss frå all angst og ta bort alt mismot.

Geir Sørebø