2. søndag etter Kristi openberringsdag
Joh 4,5-26
LEVANDE VATN FRÅ EIN TØRST GUD

1. Den tørstande Gud
Denne forteljinga byrjar med at Jesus og læresveinane er på vandring gjennom Samaria. Dei fer frå Galilea til Jerusalem. Dei er komne godt og vel halvveges då det heiter seg at "Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen". Han er ikkje berre trøytt, men også tørst, for han bed ei kvinne som kjem for å hente vatn om å få litt å drikke. Den tørstande Gud.
I Lavik kyrkje har vi ei gammal prosesjonsfane med bilete Martin av Tours, som viser korleis han som soldat deler kappa si med ein tiggar som ligg i vegkanten utan klede. Det vert fortalt at Martin natta etter på såg Jesus i ein draum. Då var Jesus kledd i Martin si halve kappe, og Jesus sa i draumen: "Eg var utan klede, og de kledde meg" (Matt 25,36).
"Så enkelt og stille kom Gud til vår jord", står det i ei julesalme. Jesus møter oss alltid enkelt og stille. Som den tørstande Gud.

2. Den umettelege kvinne
For mange er det ei tragedie å verte skild. Jo fleire gonger den eine og same personen vert skild, jo mindre verte tragedia opplevd for kvar gong. For litt sidan var det eit par som skulle gifte seg som vart omtala i pressa. Dei hadde sett verdsrekord i å skilje seg og gifte seg opp att. Dei hadde begge bak seg nærare 30 ekteskap. Dei såg ut til å vere stolte over rekorden. Dei måtte begge vere umettelege på livet sine gleder.Kvinna ved brønnen er truleg i slekt med desse. Ho har bak seg 5 ekteskap og har no eit forhold til ein mann som ho ikkje er gift med.
Kvinna verkar i møte med Jesus både freidig og talefør. Ein sit etter å ha lese teksten, att med eit inntrykk av at dette var ei kvinne med stor livskraft, livslyst og livsoverskot.

3. Den tørstande Gud gjev andre å drikke
Det går ikkje fram av bibelteksten at Jesus fekk vatn av kvinna. Ho ser ut til å gløyme hans behov. I staden vert ho oppteken av det han kan gje henne. For det vert klårt at det berre er Jesus som kan gje det som er naudsynt for å stille den mest grunnleggjande livstørst.
Det er visst ikkje alltid slik at det er den rikaste som har mest å gje til andre. Den som er rik nok reiser på Safari til det indre Afrika. Men tiggaren sit like fattig ved vegen.
Det er eit stykke livsvisdom i dei norske folkeeventyra når det er oskeladden som alltid er den som har ein matbite å spandere på ei framand kjerring ved vegen.
Jesus hadde gjort seg fattig, men hadde alt å gje. Også til den umettelege kvinne.

Ei lita jente var med til nattverdbordet for første gong. Ho fortalde etterpå at ho hadde fått papirbrød å ete. Ja, så fattigsleg kjem Jesus til oss også i dag. Men likevel har han gjennom vatn, brød, vin og Ord noko så stort som evig liv å gje til oss. Også til oss umettelege menneske i eit rikt Norge.

Geir Sørebø